Arkivet etter Rauland-Lårdal Billag inneheld møtebøker frå stiftinga i 1935, samt statusbok frå same året. Billaget var ei samanslutning mellom "Lårdal, Høydalsmo og Øyfjell Billag" og "L/L Lastebil". Frå 1942 gjekk selskapet inn for samdrift med Vinje Billag og Sigvart Lie si bilrute, og frå 1972 gjekk dei inn ii Vest-Telemark Bilruter då lutane vart overført til å gjelde det nye selskapet.