Laksevåg videregående skole, Gravdalsveien 22 (gymnaset) og 22 b (yrkesskolen), Ytre Laksevåg, frå 2003 ei samanslutning av naboskulane Laksevåg Gymnas og Laksevåg Yrkesskole, som i 1993 endra namn til Laksevåg videregående skole. Gymnaset vart oppretta i 1954 som Laksevåg kommunale realskole i Kringsjåveien 94, den gjenreiste skulebygningen til Holen skole, som vart bomba i 1944. Realskolen vart nedlagd i 1970. Gymnasundervisninga starta i 1964; flytta til noverande bygning (ark. Fr. Theodor Olsen) 1965. Laksevåg Yrkesskole vart oppretta av Laksevåg kommune i 1945, like etter fredsslutninga. Laksevåg var utbomba og hadde bruk for fagfolk til gjenreisinga. Dei første elevane starta i 1946 i tidlegare tyskarbrakker på Melkeplassen, der undervisninga starta med fem-månaders kurs for bygningstømrarar, elektrikarar, målarar og murarar. Det noværende yrkesskulebygget (ark. Kjartan Seim) vart teke i bruk hausten 1976. Litteratur: Bergen Byleksikon, 2. utg. 2009, s. 293. http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1421957