Knarvik vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Knarvik i Alver kommune i Nordhordland, ca. 29 km nord for Bergen sentrum. Skulen består av tidlegare Lindås gymnas og Nordhordland yrkesskole, som vart slått saman til Knarvik videregående skole i 2003. Bygningane er dei same, men vert no kalla avdeling Juvikstølen og avdeling Kvernhusmyrane. Tilbygg til avdeling Juvikstølen sto ferdig i 2009, og den ordinære lina for Teknikk og industriell produksjon flytta da opp frå Kvernhusmyrane. Skulen har tilknytning til lokale bedrifter. I tillegg til vanlege programområdar kan elevane velge programmet TAF (tekniske og allmenne fag) der dei får fagbrev og spesiell studiekompetanse på 4 år. Knarvik vidaregåande skule var pionerskulen for denne typen utdanning, og tilbyr i dag fire forskjellege kurs.