Den første yrkesskuleklassen i Nordhordland vart skipa i 1961. Skulen med eiget bygg vart skipa i 1965, da som Knarvik yrkesskule. Skulens tilbod var elektrofag, mekaniske fag og saum. Skulen vart overteken av Hordaland fylkeskommune i 1966. Det vart etter kvart tatt i bruk fleire bygg. Slik vokste skulen og kunne tilby enda fleire fag. I 1979 blir skulen til Nordhordland yrkesskule og tekniske fagskule, med eit nytt 2-årig tilbod om teknisk fagskule i prosessfag. I 1992 kunne dei første elevane starte ved eit nytt, fireårig utdanninsløp: TAF (tekniske og allmenne fag), hvor elevane kunne få både fagbrev og studiekompetanse. Namneendring til Nordhordland vidaregåande skule i 1994. Samanslåing med Lindås gymnas til Knarvik vidaregåande skule i 2003.