St. Mariæ Tydske Kirke var soknekyrkje for tyskarane og dei tyskætta i Bergen, og for alle som hadde fast teneste ved Kontoret. Den tyske menigheten vart nedlagd i 1867. Maria sokn vart oppretta i 1875 ved utskilling frå Korskirken. Grensa mot Korskirkesoknet vart regulert i 1885. Grensa mot Sandviken sokn vart regulert i 1919. St. Olav sokn vart slege saman med Maria i 1982.