Dei første bygningslovene her i landet kom i dei største byane. Oslo fekk si bygningslov i 1827, Bergen 1830 og Trondheim 1845. Desse hadde særskilte bygningslover. Den alminnelige bygningslova av 1845 var gjort gjeldande for alle kjøpstader og ladestader utanom desse byane. Lova kunne også skulle omfatta større samlingar av bygningar på landet Ein seier ofte at industrialderen i Norge byrja rundt 1850, då ei rekkje fabrikkar og mekaniske verkstader starta opp. Søner og døtre frå gardane i omlandet flytta inn til fabrikkstaden, og like eins kom tilflyttarar frå andre landsdeler. På nokre få år var det bygt opp ein tettstad med fabrikkar og bustadhus, eller « større samlingar av bygningar på landet» der bygningslova av 1845 kunne verta gjort gjeldande. Etter lova av 1845 skulle den enkelte by ha ein bygningskommisjon og ein reguleringskommisjon. Medlemene i bygningskommisjonen var politimeistaren, branndirektøren og stadkonduktøren ( eller ein bygningskyndig person. ) Reguleringskommisjonen skulle vera samansett av bygningskommisjonen sine medlemar, magistraten og så mange formenn som desse sjølv avgjorde. Reguleringskommisjonen si første oppgåve var å ta avgjersle om i kva deler av byen lova skulle gjelda, og korleis gater og offentlege plassar skulle regulerast. Det skulle difor utarbeidast eit forslag til reguleringsplan som bystyret skulle ta stilling til. Den alminnelige bygningslova av 1896 gjorde mindre endringar i bygningskommisjonen si samansetting. Mellom anna vart ordføraren i sunnhetskommisjonen eller seinare helsrådet medlem. Med bygningslova av 1924 kom bygningsrådet, som avløyste bygningskommisjon og reguleringskommisjon i dei bymessige områda. På dei stader på landet, der bygningslova av 1845 vart sett i kraft, vart bygningskommisjonen sine oppgåver tillagt politimester og branninspektør, eller, der slike ikkje var, dei personar amtmannen bestemte. Saman med formannskapet utgjorde desse reguleringskommisjonen. Lova om bygningsvesenet av 1869 slo fast at når bygningslova av 1845 vart gjort gjeldande for ein tettbygd del av ein heradskommune på landet, kunne der opprettast eigen bygningskommune. Det måtte vedtakast ved kgl. res. om eit tettbygd område kunne verta eigen bygningskommune. Dei oppgåvene som den alminnelige bygningslova la til kommunestyret, skulle i bygningskommunen utførast av eit særskilt bygningskommunestyre på fem personar, valgt av og blant dei aktuelle huseigarane ved ein særskild valforretning. Bygningskommunestyret sine forhandlingar og vedtak vart regulert av formannskapslova for landet. Medlemene valde sjølv ordførar seg i mellom. Bygningskommisjon i bygningskommunen skulle bestå av 2 medlemer utpeika av amtmannen og representantane i bygningskommunen. Ein medlemen skulle vera frå bygningskommunestyret. Reguleringskommisjon vart danna av bygningskommisjon saman med to medlemer av bygningskommunestyret. Bygningskommunen skulle etter lova arbeida for interessene til huseigarane innanfor tettstadane. Problema med vasstilførsla, kloakkleidningar og reinhald måtte løysast, og ellers andre utbyggingar som var til det beste for tettstaden. Det kunne vera utbygging av elektrisitetsverk, gatelys, samfunnshus, bryggjer. Det vart innkrevt ein bygningsskatt, eller eigedomsskatt, utlikna etter branntaksten på bygningane. Resten av inntektene kunne koma inn gjennom ymse andre avgifter og overføringar frå heradskommunen. Bygningskommunen hadde eigen kasse. Bygningskommunelova vart oppheva i 1970.

Arkivinstitusjoner: