I 1895 vedtok bystyret i Bergen å opprette ein stuertskole, og undervisninga kom i gang 2. januar 1896 med småkurs over 2 ½ månadar. Hovudgrunngjevinga var å utdanne kokker om bord i skip, fordi det på den tida var sterke klagar over mat og matstell i handelsflåten. I løpet av skulens 25 første år øka elevtalet frå 10 til om lag 50. I dei første åra heldt skulen hus i Olav Ryes vei 35, og i 1904 flytta den inn i den nye sjømannsskolen på Nordnes. I 1934 vart verksemda overført til Tollbodallmenningen 10, og der heldt skulen til inntil den vart overført til Sandsli 60 år seinere. Etter 2. verdskrig vart det vedtatt at det skulle skilles mellom kokkeutdanning og stuertutdanning. Bergen Stuertskole fekk derfor namnet Bergen kokk- og stuertskole i 1951. Stuertutdanninga vart styrka, både med nye fagområde og i lengde. Kokkeutdanninga for sjøfart og for restaurantar/hotell vart etter kvart samordna, og det vart satt i gang eit felles grunnkurs for kokk/servitør/husstell og ein eitårig bakerline. I det heile tatt foregjekk det ein sterk differensiering av utdanninga ved skulen gjennom heile siste halvdel av århundret. Hordaland fylkesting gjorde så eit vedtak om å fusjonere skulen med Gimle videregående skole og flytta verksemda til Sandsli. 1994.