Ytre Sogn sorenskriveri hadde skipreidene Nærøy, Aurland, Sjøstrand, Tjugum, Vik, Kvamsø, Klevold, Lavik og Utvær. Ved reskript 23. desember 1773 vart Uppheim sokn av Nærøy skipreide lagt til Voss, og dei andre gardane til Aurland. Frå same tid vart Eivindvik overført frå Nordhordland til Ytre Sogn. Skipreidene Aurland og Norum saman med gardane Frønningen og Lagmannsås i Tjugum vart overført frå Ytre Sogn til Indre Sogn ved reskript 2. februar 1813, men vart ført attende til Ytre Sogn frå 1. januar 1831 etter kongeleg resolusjon 30. oktober 1830. Aurland tinglag vart overført frå Ytre Sogn til Indre Sogn ved kongeleg resolusjon 24. september 1918. Ved kongeleg resolusjon 19. desember 1837 vart Sjøstrand og Tjugum skipreider i Leikanger prestegjeld saman med gardane i Kvamsøy som låg til Leikanger prestegjeld, samla til Leikanger tinglag. Resten av Kvamsøy og heile Vik, som saman utgjorde Vik prestegjeld, var samla til Vik tinglag. Hyllestad vart eige tinglag etter kongeleg resolusjon 13. oktober 1884. Ved skriv 3. oktober 1941 vart gnr. 122/1 og 2 og gnr. 123/2 i Fjaler lagd til Kyrkjebø, og gnr. 6/1,2 og 3 i Lavik lagd til Kyrkjebø. Ved kongelege resolusjonar 5. april og 21. juni 1963 vart Tingastad almenning gnr. 32/1 og 2 i Leikanger overført til Sogndal frå 1. januar 1964.