Evanger, Voss og Vossestrand vart overført frå Hardanger til Indre Nordhordland jordskiftedistrikt i 1883, men alt i 1886 vart det oppretta eit Voss jordskiftedistrikt som i tillegg til Voss, Evanger og Vossestrand også fekk Haus og Bruvik. Hjelme, Herdla og Meland vart lagt under Voss i ein periode, og før 1934. I 1951 vart Bruvik overført til Indre Nordhordland, Hjelme og Meland vart overført til Ytre Nordhordland, og Herdla vart lagt til Midhordland jordskiftedistrikt. I 2002 vart Hardanger jordskifterett lagt ned, og alt unnateke Kvam vart overført til Voss.