Bjørgvin videregående skole vart skipa i 1990 og var ein fylkeskommunal videregåande skule i Bergen sentrum. Jf. K. Nerheims videregående skole -1996. Avtale om kjøp av undervisningstenester frå Nerheim sagt opp med verknad frå 1.8.1990 (FUV 4899/89). Bjørgvin videregående skole oppretta 1990 til erstatning. Namn på skulen, sjå FUV 90/1991. Arkiva etter Nerheim vidg. skole og Hav handelsskole er på Bjørgvin vidg. skole. (S.HV.17.11.09). Skulen tilbydde program for studiespesialisering (realfag, språk, samfunnsfag og økonomi), sørvis og samferdsel (IKT-sørvisfag og sal, sørvis og sikkerheit), helse- og sosialfag (fotpleie, helsesekretær, hudpleie) og påbygging til generell studiekompetanse. Slått saman med HAV videregående skole til ei administrativ eining som ein skole frå 1.1.1997. Ft. 82/96. Til skulen hørte også avdelinga Kyrre skole i Øvregaten i Bergen sentrum, som gir tilrettelagt undervisning til ungdom og vaksne med psykiske hemningar. Etter skuledrifta ved Bjørgvin vart avvikla i 2014 var Kyrre skole underlagt Bergen Katedralskole. I tillegg til ordinær skule dreiv skulen utstrakt kursverksemd. Skulen var òg svært involvert i internasjonalt humanitært arbeid, og hadde utveksling av elevar til fleire land i Europa. Frå hausten 2014 vart skuleverksemda ved Bjørgvin flytta til nye Amalie Skram videregående skole, med unntak av helsefaga som vart overført til Årstad videregående skole