Formannskapslovene av 14.01.1837 fastsette at det i kvart prestegjeld skulle opprettast ein kommune, som skulle styrast av eit formannskap og eit representantskap. Formannskap og representanskap skulle veljast kvar for seg, og det skulle vere tre gonger så mange representantar som formenn. I prestegjeld som var delt i fleire sokn skulle desse vala gjennomførast soknevis. Formannskapet skulle velja ordførar og varaordførar. Representantskapet hadde ingen funksjon åleine, men møtte saman med formennene etter innkalling frå formannskapet for å handsama saker om løyvingar til nye tiltak, kjøp og sal av eigedomar og andre viktige økonomiske saker. Dette fellesorganet vart seinare kalla heradstyre eller kommunestyre. Forhandlingane til formannskap og representantskap skulle refererast i formannskapet sin forhandlingsprotokoll. Det skulle og førast brevjournal og kopibok. Desse protokollane skulle autoriserast av amtmannen (fylkesmannen). I lov av 10.06.1938 vart bestemmelsane om føring av postjournal og kopibok tatt ut av lova. Medlemene av fattigkommisjonen og skulekommisjonen skulle tiltre formannskapet når fattigsaker og skulesaker vart behandla. Denne ordninga - dei kombinerte formannskapa - sto ved lag til 1845 for fattigstellet sin del. For skulestellet vart det kombinerte formannskapet oppheva av skulelova av 1860. I herad med soknedelt fattig- eller skulestell, skulle berre formenn frå det aktuelle soknet møta saman med kommisjonane. Ved lovendring av 14.06.1879 vart retten til å velja ordførar og varaordførar og til å gjennomføra revisjon og desisjon av kommunerekneskapa overført frå formannskapet til kommunestyret. Ordførar og varaordførar skulle framleis veljast blant formennene. Ved lov av 27.07.1896 vart valordninga endra slik at kommunestyret skulle veljast under eitt. Kommunestyret skulle så velja 1/4 av medlemene som formannskap, ordførar og varaordførar. Kommunelova av 30.09.1921 stadfesta den eksisterande ordninga med kommunestyre og formannskap og gav bestemmelsar om nye faste stillingar i kommunen, slik som heradskasserar og formannskapssekretær. Kommunen sin kompetanse har alltid vore rekna å vere negativt avgrensa. Kommunen kan setja i gang tiltak på alle andre område enn der det er lovbestemt at den ikkje kan gjera det. Frå 1921 fekk kommunestyret høve til å opprette utval for å løysa faste eller særlege oppgåver. Lova stadfesta også kommunestyret sin rett til å skipa kommunale verksemder og gav reglar for val av styre og revisjon av rekneskapa til desse. I lov av 7.12.1923 vart det bestemt at ein kommune som ikkje makta å innfri sine gjeldsforpliktelsar, kunne setjast under administrasjon av departementet. I midlertidig lov av 22.06.1928 vart desse bestemmelsane innskjerpa. Kommunen skulle styrast av eit administrasjonsstyre, samansett av ein representant frå kommunestyret og ein frå fordringshavarane, samt dei som vart oppnemnt av Kongen. Etter begge lovene skulle kommunestyre og formannskap halda fram i sine funksjonar, men utan rett til å gjera vedtak som kunne føra til utgifter for kommunen. Kommunestyret kunne likevel uttala seg i slike saker og anka vedtak av administrasjonsstyret inn for departementet. Kommunelova av 10.06.1938 førte ikkje med seg vesentlege endringar i kommunen si organisering og drift. Formannskapslovene gav amtmannen (fylkesmannen) rett og plikt til å godkjenna (approbere) vedtak som vart gjort av kommunestyret. Vedtak som hadde store økonomiske konsekvensar skulle approberast av Kongen. I 1921-lova vart dette endra slik at negative vedtak (utsetjing, avslag o.l.) ikkje trengde approbasjon. Denne ordninga sto ved lag fram til lov av 12.11.1954 avgrensa fylkesmannen si fullmakt til å underkjenna vedtak som låg utanfor kommunen sitt kompetanseområde eller vedtak i strid med gjeldande lov. Fylkesmannen skulle også godkjenna budsjettvedtak i kommunar som mottok skatteutjamningmidlar.

Arkivinstitusjoner: