1979 - 1997

Heimdrag var Rennesøy kommune si lokalavis fram til 1997. Den fyrste utgåva, eit prøvenummer, kom ut i desember 1979 etter vedtak i kulturstyret hausten same året. Avisa kom stort sett ut ein gong i månaden og det blei blant anna formidla lokale nyheter, informasjon frå kommunen og lesarinnlegg. Menighetsbladet hadde eigne sider. Namnet Heimdrag blei i prøvenummeret forklart med fleire grunnar. Heimdrag er ein holme sør i Mastrafjorden. Den har truleg fått namnet frå øybuarar på veg heim frå Stavanger. Holmen var eit teikn på at dei snart var heime. Namnet på avisa spelte på kjensler for heimstaden, ei lykt som stod på holmen og blinka kunne knytast til bygdebladets oppgåve om å opplysa innbyggjarane om hendinger og tilhøve i kommunen.

Arkivinstitusjoner: