Hjelme vart eigen heradskommune frå 1910, då den vart utskilt frå Manger heradskommune. Fram til 1912 var namnet Hjelmen. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 05.11.1912 endra til Hjelme. Ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk Hjelme kommune inn i den nye Øygarden kommune. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Hjelme i sør og sørvest til Herdla kommune og i aust til Manger. I nordvest ut mot Nordsjøen grensa Hjelme til Fedje kommune. I vest grensa kommunen mot Nordsjøen og havet. Kommuneinndelinga: I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Manger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 11.05.1909 vart Hjelmen sokn utskilt frå Manger heradskommune, og vart eigen heradskommune. " hvorved Manger herred, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, som av amtmanden nærmere bestemmes, paa de av herredstyret i møter den 21. oktober 1907 og 28. oktober 1908 vedtagne vilkaar, deles i to herreder, nemlig Manger herred, omfattende de nuværende Manger, Bø og Sæbø sogn, og Hjelmen herred, omfattende det nuværende Hjelmen sogn. " Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland, til liks med resten av landet. Hjelme kommune gjekk inn i den nye Øygarden kommune. Kgl.res. av 04.10.1963: " I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett: Den nye heradskommunen i Hordaland fylke som ved kongeleg resolusjon 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak 15. mai 1963, er skipa ved samanslåing av Herdla ( unnateke Bognøy, Turøy, Misje og områda på Holsnøy, Askøy og Herdla øy) og Hjelme kommunar, får namnet Ø y g a r d e n." Kjelder: Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga) Norsk Lovtidende / Departementstidende ( kgl.res.) Register over kyrkjebøker, Statsarkivet (prestegjeld- soknedeling) Register over lensmannsarkiv, Statsarkivet ( tinglag og lenmannsdistrikt)

Periode: 1910-1964

Publisert: 27. sep. 2024

Arkivinstitusjoner: