Mange landkommunar hadde tidlegare inntekter av jord og skog som låg til kommunegardane (fattiggardane). Kommunane hadde også inntekter av andre jord- og skogeigedommar, og mange stader blei det gradvis sett i gang andre typar næringsdrift. Etter handels- og handverkslovgivinga hadde ikkje kommunane rett til å drive handels- og handverksdrift. Dette vart endra i 1913. Då fekk kommunale gass-, elektrisitets- og vassverk salsrett. Dei fekk også rett til å drive handverksdrift for å utnytte gass, elektrisitet og vatn. Der kommunal handel kom i gang under første verdskrig, blei det som regel lagt under provianteringsrådet. Det har i kommunal regi vore drive m.a. bakeri, høvleri, kolforretningar, teglverk, dampskipsruter og jernbaner, i tillegg til havnevesen, vassverk, sjukehus m.v. Dei kommunale bedriftene har eigne styre, men materiale kan også finnast i formannskapet/kommunestyret sitt arkiv og i kommunerekneskapet. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 289ff.