Dei kommunale forvaltingsorgana går tilbake til tida før 1837, som til dømes fattig- og skulekommisjonane. I 1837 vart formannskapslovene satt i kraft, og det skulle no demokratisk velgast formenn ogrepresentantar for kvart formannskapsdistrikt. Når formannskapet var vald, skulle formennene seg imellom velje ein ordførar og viseordførar. Dette i motsetnad til dei gamle kommisjonane, som oftast var samansette av personar som var medlem i kraft av sitt embete eller si bestilling. I utgangspunktet skulle eit formannskapsdistrikt tilsvare eit prestegjeld. Formannskapslovene for landet hadde ogsåbestemmingar om soknekommunalt sjølvstyre i einskilde saker, og gav dermed grunnlaget for soknekommunar og soknestyre. Under okkupasjonen 1940-1945 vart det kommunale sjølvstyret sett til side. Formannskapslovene av 1837 definerte formennenes og representantanes gjeremål. Formannskapet skulle utarbeide innstillingar ovanfor øvrigheita, handsame saker som vart reist for det, søke øvrigheita om detsom var til gagn, revidere og desidere rekneskapane til dei kommunale kassene og i det heile ivareta kommunens interesser. I saker av større økonomiske omfang skulle formannskapet legge fram sakenefor representantane. Etter kvart som det vart oppretta stadig nye styrer, nemnder, råd og utval, vart medlemane valde av kommunestyret, dvs. indirekte val. Formannskapslovene påla formannskapet å føre fleire bøker: møtebok, kopibok over utgåtte brev og journal over innkomne brev - alle skulle vere autoriserte av amtmann/fylkesmann. Forhandlingsprotokollane til formannskapet og kommunestyret kan vere ført i same protokoll eller i to åtskilde protokollar. Sokneformannskapas og soknestyras forhandlingar er vanlegvis førte i protokollen for formannskapet/kommunestyret. Sentraladministrasjonensarkiv inneheld elles tilvisingsbøker, inventarprotokollar, budsjett, korrespondanse osb. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 21ff.