- 1963

Før Lov om alderstrygd 16. juli 1936, vart det ogte oppretta eigne alderstrygdnemnder av dei eigne kommunale alderstrygdordningar. Administrasjonen blei vanlegvis lagt under trtygdestyret oppnemnd av kommunestyret. Staten gav ikkje støtte til dei kommunale trygdeordningane, og utgiftene måtte kvart år bevilgast av kommunestyret. Alderstrygdlova fastsette at det skulle opprettast ei alderstrygdnemnd k kvar kommune, der trygdestyret oppnemnde formann og kommunestyret dei øvrige medlemmane. Kommunestyret kunne vedta at det skulle tilsetjast lønna forretningsførar. Trygdestyret skulle leie administrasjonen av alderstrygda i kommunen og føre tilsyn med trygda. Trygdenemnda sine avgjerder kunne ankast inn for trygdestyret. Alderstrygdlova av 1957 bestemte av Rikstrydeverket skulle vere sentralstyre for alderstrygda. Barnetrygdlova av 1946 bestemte at alderstrygdnemnda også skulle vere barnetrygdnemnd. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 161