Arbeidet med å utbetale godtgjersle for tyske rekvisisjonar av eigedom og lausøre var frå 1. jaunar 1942 lagt under Oppgjersavdelinga i Innanriksdepartementet. Oppgjersavdelinga sine lokale representantar var lensmennene på landet og ordførarane i byane. Ved rundskriv 5. juni 1945 nr. 4 frå Oppgjersavdelinga i Justisdepartementet blei lensmenn og ordførarar også pålagde saker i samband med godtgjersle for eigedom rekvirert til norsk eller alliert bruk. Mellombels lov 25. april 1947 fastsette at det skulle gjevast erstatning for ei lang rekke tap og skadar som skuldast krigen 1940-45: tap av eigedom, utdanningsmoglegheiter, arbeidsforteneste og liknande som ikkje fall inn under dei ulike krigsskadetrygdene. Søknad om erstatning etter denne lova måtte vere innsend innan 1. juli 1947, seinast forlenga til 1. oktober. Sakeke fekk endeleg handsaming i Oppgjersavdelinga i Justisdepartementet, men kommunane skulle førebu dei, avgje uttaling om dei og stå for utbetaling av erstatning. Til hjelp i arbeidet vart det fastsett at formannskapet i kvar kommune skulle velje ei oppgjersnemnd. Ved rundskriv 24. juni 1947 frå Justisdepartementet blei også handsaminga av saker i samband med godtgjersle for tyske beslag av fast eigedom og lausøre overført frå lensmennene eller ordførarane/oppgjerskontora til oppgjersnemndene. I 1948 blei oppgjersnemndene tillagt oppgåver i samband med fordeling av beslaglagde radioapparat som ikkje var avhenta ved frigjeringa. Krigsskateoppgjeret blei i hovudsak avvikla i 1950, og Oppgjersavdelinga i Justisdepartementet nedlagt 1. juli 1950. Oppgjersnemndene blei då ikkje formelt oppløyste, men haldne i beredskap til moglege andre oppgåver. Dei fall bort d på det vart oppretta krigsskadenemnder frå 1954. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 298ff.