RPPTNS var ei ordning om tyngdepunktstillingar etablert i 1999 av Møre og Romsdal fylkeskommune og 11 kommunar på Sunnmøre: Ålesund, Sula, Ørskog, Skodje, Stordal, Norddal, Stranda, Giske, Sykkylven, Haram og Sandøy. Tenesta ble oppretta i forbindelse med omfordeling av ressursar frå statleg til kommunalt nivå. Målet var å styrke lokal kompetanse ved oppretting av tyngdepunktstillingar, og bringe ressursane nærmare brukarane. RPPTNS hadde til saman fem stillingar lagt til PP-kontorene i Ålesund (2 stillingar), Ørskog (2 stillingar) og Haram (1 stilling). Kommunane Haram og Sandøy var samlokalisert ein periode (PPT HS), Skodje, Stordal og Ørskog var samlokalisert (PPT SSØ) og Nordal og Stranda var samlokalisert (PPT NS). Tenesta skulle arbeide med dei tunge og komplekse sakene som tidlegare blei meldt til dei statlege spesialpedagogiske kompetansesenterane. Intensjonen var at organet skulle bruke meir tid og ressursar på kvar sak. Fylkeskommunen sa opp avtalen i januar 2010 og frå hausten trakk Ålesund og Sula seg frå samarbeidet også. I en del saker ble arkivmateriale returnert eierkommunane. Kilde: Grethe Brusdal, Ålesund PPT