1907 -

Ørsta sanitetslag vart oppretta 10. mars 1907 som Ørsta sanitetsforening (namnet endra til Ørsta sanitetslag i 1935). Det vart skipa sanitetslag (arbeidslag eller underavdelingar) i krinsane: Hovdebygda sanitetslag skipa i 1911. Dei bygde helsehuset, med badeavdeling, 1954. Melde seg ut av Ørsta sanitetslag i 1984. Åmdal sanitetslag skipa 1920. Liadal sanitetslag skipa i 1922. Follestaddalen sanitetslag skipa 1924. Follestaddalen unge sanitetslag skipa 1944. Åmås sanitetslag skipa 1930. Bjørdal sanitetslag skipa 1931. Skordura sanitetslag skipa 1936. Sørestranda sanitetslag skipa 1944. Nedlagt 1985. Ørstavik sanitetslag frå 1930-åra. Ørstavik unge kvinners sanitetslag skipa i 1935. Frå 1923 vart det heldt møter også for alle foreningane ilag. I 1908 jobba dei for å samle inn sjukemateriell og sy opp sengklede. I 1910 sende dei ein student til NKS sjukepleieskule i Oslo. Vedkomande var ferdig utdanna i 1912. Ho vart til 1914. I 1913 sende dei ein ny student til sjukepleieskulen. Studentane måtte binde seg til så og så mange år teneste for Ørsta sanitetslag når dei var ferdig utdanna. Det var enten pasienten sjølv eller kommuna som betalte for pleie. Dei starta å selge maiblomster i 1911. Kjøpte ofte melk til unge som skulle kome seg av tuberkulose. Laga gjenstandar til basar, der dei hadde inntekter. Også fekk dei kollekta etter ofring i kyrkja stundom. Arrangerte festar for eldre. Dei jobba for å få eigen distriktslege til Ørsta. Denne kom frå 1920 av. Hjalp folk som vart plasserte ved sanatorium, hospital og barnehjem. Skulebarnundersøkingar frå 1927. Frå 1929 i alle krinsane. Frå 1939 jobba saniteten for å få ei fast helsesøster i Ørsta. Frå 1930 vart badesaka sett på dagsorden. Badet kom i drift våren 1934, og eigen badetenar vart tilsett. I tillegg hadde sanitetsforeninga høyfjellssol til leige. Ørsta kommunale elverk ga i mange år gratis straum til bad og badestove. Skuleelevane fekk bade gratis ein gong pr månad. Kino og skuletannlege frå 1939. Overskotet frå kinodrifta skulle dekke utgifter til tannlege. Saniteten dreiv kinoen fram til 1954. Hausten 1938 opna ein kontrollstasjon for spebarn og gravide på folkebadet. Frå 1942 utvida til også større barn - og vart dermed kalla barnekontrollen. Frå 1943 fekk denne eige reknskap. I åra før krigen var også barsellpeierske og husmorvikar i drift. Frå 1938 starta dei lage pakkar for Hærens sanitet og halde førstehjelpskurs. Etter oppmoding kalla sanitetslaget inn til skipingsmøte for Kvinnenes arbeidshjelp i januar 1940. Våren 1940 vart det laga til 4 feltlasarett i Ørsta. Stor innsats i forhold til soldatar og rømlingar på gjennomreise. Og innsamling til hjelpetrengande i ulike stadar i landet. Sommaren 1944 Bergenshjelpa i samarbeid Ørsta Røde Kors: 60 barn frå Bergen fekk sommarheim i Ørsta. I november 1944 kom der 70 - 100 flyktningar frå Finnmark. Under heile krigen skaffa saniteten tran, frukt, syltetøy, prim og melk til bygdefolket. Våren 1945 vart det produsert og delt ut Svenskesuppe. Lov om heimesjukepleie kom 1. juli 1959. Dermed vart denne ordninga kommunal - overteken frå saniteten. Med tilskot frå saniteten. Ørsta kommune hadde tilsett fast helsesøster frå starten av 1960-talet. Heilt til 1973 ga saniteten støtte til denne stillinga. I 1974 vart alle helsestasjonar tekne over av det offentlege. Etter 1958 vart det stort sett berre samstyremøter: leiarane i kvart arbeidslag vart kalla inn ilag med det årsmøtevalde styret. Dette vart kalla "storstyret", medan det årsmøtevalde styret vart kalla "lisjestyret". I 1976 tok Ørsta sanitetslag til med større eldretreff. Kvinner vart sende på husmorferie, fram til 1963 ilag med barn. Nedlagt i 2013. Kjelde: Ørsta sanitetslag gjennom 75 år (1907 - 1982). Ivar Grøvik, 1982.