- 1964

Ved kongl. res. frå 1831 blei det skipa provisoriske sunnhedskommisjonar i kvart prestegjeld. Desse var samansette av futen, sorenskrivaren, soknepresten/residerande kapellan, ein offiser, distriktslækjar/annan lækjar, lensmannen og ein eller to soknemenn. Prestegjeldet kunne delast i fjerdingar. Dei fleste kommisjonane var berre aktive ved varsel eller ved utbrot av kolera i prestegjeldet. Karantenelova frå 1848 oppretta eit karantenevesen og i sjødistrikt kunne kommunane skipa karantenekommisjonar. Sunnheds- og karantenekommisjonaneblei slegne saman ved lova frå 1860. Dersom kommisjonen drøfta karantenespørsmål, skulle ein sjødyktig person vera med i sunnhedskommisjonen sine forhandlingar.På grunnlag av denne lova blei sunnhedkommisjonen permanent i 1860/61 og blei leia av distriktslækjaren. Distriktslækjaren var lønna av staten. Helserådet var satt saman av lækjaren, deler eller heile kommunestyret og inntil to andre personar. Minst ein av kommisjonen sine medlemmer skulle vere kvinne. Omkring 1905 skifta sunnhedskommisjonen namn til helserådet. Helserådet skulle m.a. ta seg av drikkevatn- og kloakktilhøve. Oppgåva med å ha tilsyn og kontroll med bygningar og institusjonar starta allereie tidleg på 1800-talet. Dette arbeidet gjekk vidare med bakgrunn i lova om utrydding av rotter og hotellova frå 1924. Tilsyn av pleieborn blei lagt til kommisjonen i 1892. Helserådet var direkte underlagt amtmannen og var uavhengig av kommunestyret. Karantenelova frå 1952 avskaffaden utvida sunnhedskommisjonen ved handsaming av karantenesaker (sjå ovenfor).