Bakgrunnen for å skipa skulestellet var konfirmasjonsordninga frå 1736. Ingen i Norge skulle konfirmerast utan at vedkomande hadde fått undervisning i kristendomskunnskap. Skuleplakaten frå 1741 fastslo at det skulle vera ein skulekommisjon for kvart prestegjeld. Soknepresten var sjølvskriven formann fram til 1889-lova som krov at formannen skulle veljast. I skulekommisjonen fann ein prestane i soknet, lensmannen (samla inn og oppbevarde kommisjonen sine pengar), medhjelparar (vart utnemnde av stiftsdireksjonen) og allmugen sine valde menn. Skulekommisjonen skulle setje opp budsjett, fordela utgifter på innbyggjarane og leggja fram rekneskap for soknepresten. Fyrst i 1959 kom den fyrste felleslova for skulen på landet og i byane.Formannskapslova frå 1837 innfører det utvida formannskapet når møter skulle handsama skulesaker. Dette 'kombinerte formannskap', 'skuleformannskap' eller skulekommisjon hadde soknepresten som ordførar. Kommisjonen skulle tilsetja rekneskapsførar og kasserar for skule- og fattigkassen. Formann- skapet avgjorde sjølv storleiken på skuleskatten. Landskulelova frå 1860 innførde embetet skuledirektør. Han hadde saman med biskopen overoppsyn for stiftet sine skular. Skulestyret vart no sett saman av soknet sine prestar, formannskapet sin ordførar, kommunalt valde menn og ein lærarrepresentant. Kommisjonen delte skulekommunen i skulekrinsar og utnemde tilsynsmenn for kvar krins. Andre oppgåver for skulekommisjonen var å setja opp skulebudsjettet for formannskapet og tilsetja/avskjediga lærarar. Skulekrinsane hadde både skulebygningar og omgangsskular. Med skulelova frå 1889 endra skulekommisjonen namn til 'skulestyret'. Skuledirektøren hadde no overoppsynet åleine. Skulestyret utnemnde tilsynsutval. Presten og biskopen sin tilsynsrett avgrensa seg no til kristendomskunnskapsundervisninga. Skulestyret var no sett saman av soknepresten eller res. kapellan, ein representant for lærarane og personar valde av kommunestyret