Fyresdal Sanitetslag blei stifta i 1914 og var ei lokal underavdeling av den store organisasjonen "Norske Kvinners Sanitetsforening". I starten heitte laget "Nasjonalforeninga". Men i januar 1949 var foreninga utmeldt frå Nasjonalforeninga. Det var Jorånn Midtgarden som ordna det og som på den tida var formann. Frå 1934 fanst det ei underavdeling av Fyresdal Sanitetslag, Veum-Hauggrend Sanitetslag, som etter nokre år vart eit sjølvstendig lag. Laget gav økonomisk støtte der det trongst i den vanskelige tida, ikkje minst under krigen. Til dømes var det Sanitetslaga som starta og støtta barnekontroll, tannpleie og skolebarns undersøkelsen. Også søkte laget om støtte til husmorvikarnemd. I seinare tid var Sanitetslaget opptatt av pensjonistane i nærmiljøet, med blomstehelsingar og ymse arrangement. Ellers har det støtta arbeidet Norske Kvinners Sanitetsforening gjer for forskning, helse og trivsel på landsbasis. I blant mangfoldige sosial- og helsemessige oppgåver var det nokre prosjekt, særleg frå 1980-talet, som lokallaget i Fyresdal var opptatt med stadig vekk. Til dømes var det "Hjemmet for Døve" og "Aksjon mot kreft" i samarbeid med "Landsforeningen mot kreft" og organsisering av mammografiundersøkingar i Vest-Telemark. I 1993 fekk Fyresdal Sanitetslag kulturprisen. Formann i de siste årane var Signy Landvik.