Person-ikon
Sti:
VTM/AKT-1052
1905 - 1972

Anstein Nes budde på Nes Øvre i Nissedal. Han var eldste son til Tarjei Nes og Åshild, født Åkre. I syskjenflokken var elles Lovise (f. 1906), Steinar (f. 1908), Borghild (f. 1910), Jon (f. 1915), Aslaug (f. 1918) og Olav (f. 1921). Anstein budde heile livet på Nes, og gifta seg aldri. Han overtok garden saman med bror sin Steinar. Anstein byrja å skrive dagbok alt som 17-åring den 11. januar 1922. "Eg vil no byrgja med å skriva, og eg vil skriva så godt det let seg gjera, likeeins vil eg freista å skriva sant. Eg vil vona at eg kan halda på frametter åri med å skriva ned det viktigaste som hender meg, og anna". Det blir med sporadisk skriving fram til 1937. Frå 1945 byrjar han dagbokskrivinga for alvor. Systematisk fører han dagbok heilt fram til slutten av oktober 1970. Anstein skriv mykje om arbeidet på garden og dagleglivet i bygda. Men han reflekterer også over ting som hender i landet og verda. Hans kristne livssyn kjem ofte fram. I ein lengre periode hadde han tuberkulose, og han fortel om sjukdomsbehandlingane. Som naturleg er må det i slike bøker bli mykje omtale av personar - både skyldfolk og bygdefolk - men han skriv ikkje vondt om nokon!