Dalen Gruber var ei molybdengruve som låg på Dalen i Telemark. Undersøkelsane ved Dalen gruver vart gjort av Otto Bonden og A. Dettmer i 1915. Året etter vart drifta tatt over av A/S Dalen Molybdengruber som 20. desember satte i drift eit «Elmore»-vaskeri. Molybden var eit viktig metall for krigsindustrien. Når ein fekk reinsa malmen for ymse stoff kunne ein blande molybdenen med stål. Slik fekk ein panserstål som vart nytta som materiale i bygging av tanks og stridsvogner. Medan fyrste verdskrig rasa i Europa i 1916 tok ingeniør Otto Falkenberg initiativ til gruvedrift på garden Berge i Eidsborg. I liane ned mot Dalen var det store forekomster av malm. (Her skal ein ha funne ein klump på 10 kilo som visstnok har hamna på eit museum i Belgia.) I desse liane bygde Falkenberg opp Dalen Gruber A/S som allereie i 1917 hadde 90 arbeidsfolk. På Dalen bygde ein eit vaskeri for malmen som vart eksportert særleg til England. Dei betalte 40 kr per kilo, noko som var god betaling på den tid. Dagløna for gruvearbeidarane kunne koma opp i tre kroner. Malmen vart frakta ned til Dalen i taugbane frå 475 meter over Bandak. På Dalen vart malmen knusa, vaska og sendt vidare med lastebåt. Somtid rauk bremsemekanisma på taugbanen, og då for den fullasta vaggen i rekordfart ned til Dalen. Det var eit under at ingen vart skadde når slikt skjedde. Det var heller uvanleg at kvinnene tok del i gruvearbeid. Ved Dalen Gruber A/S trong ein kvinner ved knuseriet og i skeidhuset. Eidsborgbekken skaffa straum til fleire likestraumsmotorar som igjen gav kraft til «Elmoremaskinene» som dei nytta. Vassføringa var ikkje påliteleg året rundt, og Falkenberg måtte somtid ut på «den frie marknaden» for å skaffe nok straum. I 1917 vart det sprengt ut 8 000 tonn malmhaldig berg som gav 2,4 tonn rein molybdenglans. Dei rekna med 10 års drift i gruvene, men brått tok forekomsten av molybden slutt. Alt i 1919 såg ein ikkje nokon annan utveg enn å stoppe drifta. Til då hadde ein produsert 101 tonn molybdenglans. I dag er det få minnesmerke etter gruvedrifta. Husa på Berge er fjerna, maskinhuset på Dalen er gjort om til bustadhus, og taugbanen er fjerna. Direktørbustaden «Villa Myrrinden», og dei mange haugane med stein er det einaste som kan minne om gruvedrift. Oppe i fjellsidene kan ein framleis finne gruvegangane, men desse er ikkje sikra. Kjelder * Bugge, Arne, Norges molybdenforekomster, Oslo, 1963. * Grimdalen, Olav, «Dalen gruber», i Tokke historielag, Dalen og Dalen hotel : festskrift ved Telemarkkanalens 100-års jubileum: 1892-1992, Dalen, 1992.