1930 - 1950

Vegheim herberg og kafé låg i krysset til Øyfjell i Høydalsmo sentrum i Tokke kommune. Her dreiv Gunnhild Trøen kafé og overnatting på 1930- og 40-talet. Bustadtomti til Vegheim blei bortbygsla frå John H. Ofte til sonen Halvor J. Ofte i 1929. Halvor bygde huset som står her i dag, men han budde her aldri sjølv. I staden overtok Anne Trøen eigendomen i 1935. Då Anne døyr i 1945 var det dottera Gunnhild Trøen som overtok. I gjesteboka frå Vegheim herberg og kafé er den fyrste innførsla datert 17. juni 1938 og den siste i 1948. I Vegviser for Lårdal og Mo herad frå 1950-talet står det ei annonse for overnattings- og serveringsstaden. Kor lenge verksemda varte utover dette er usikkert. Vegheim hadde tre soverom i andre etasje. Gunnhild Trøen døydde barnlaus i 1989. Kjelder Bangen, O. (red.), Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950. Førstøyl, Tarjei, Lårdal ætt og heim, Høydalsmo sokn, Band 1, Tokke kommune, Lårdal bygdesogenemnd, 2014. Gjestebok for Vegheim herberg og kafé.