Norsk Målføresynopsis er ei unik samling av talemåls-/dialektdata, som inneheld relativt einsarta opplysningar om lyd- og formverket i dei norske dialektene. Innsamlinga av kjeldemateriale er gjort med utgangspunkt i Johan Storm si kortare ordliste frå 1882. I synopsisen finn vi uttale av rundt 1500 ord og fraser frå til saman 750 målepunkt som svarar til kommunane i Noreg i innsamlingsperioden. Synopsisen vart nedteikna i perioden 1946-70, og består av 43 handskrivne protokollar ordna etter fylke. Eksempelord står oppført i kolonnar og innsamlingsstader i rader, og nedteikningane er i hovudsak gjort med lydskrifta Norvegia.

Tilhører
Serie:
I - Norsk målføresynopsis

Aktører
Andre aktører

For spørsmål om denne arkivenheten vennligst ta kontakt med:

Andre
Publisert:
9. mar. 2023