Presten Ivar Hjellvik kom til Nesna i januar 1918 for å overta prestegjerninga i Nesna, den gong eit stort prestegjeld med fleire kyrkje. Etter eit par månader vart han klar over at Nordland fylkesting i 1916 einstemmig hadde vedteke å be styresmaktane om å opprette ei lærerskole i Nordland fylke. Frå før var det berre ei lærarskole i Nord-Norge, Tromsø lærarskole, og det var mangel på lærarar i landsdelen. Ivar Hjellvik fekk raskt ideen om at Nesna måtte vere den ideelle staden for ei ny lærerskole. Her hadde det tidlegare vore amtsskole. Innbyggjarane var difor vane med å ha skoleungdom boande hos seg. Staden låg sentralt, med gode båtforbindelsar både sørover, nordover og inn fjordane på Helgeland (vegnettet var på den tida dårleg utbygd). Nesna låg i god avstand frå dei næraste lærarskolene, med Tromsø i nord og Levanger i sør. Hjellvik mobilisera alle han kjende på staden og fekk stor støtte både frå kommunen og innbyggjarane på Nesna. Etter kort tid hadde han fått lovnad om midlertidige lokalar, og befolkninga gjorde alt som var mogleg for å skaffe hyblar. Han fekk og støtte frå skolemyndigheitane i landsdelen og frå fylket. I første omgang planla Hjellvik ei privat lærarskole, då dette ville gå raskare enn å få godkjend ei offentlig lærarskole, men planen var at skolen skulle verta offentleg så raskt som mogleg. Berre omlag 3 månader etter at ideen var unnfanga, utlyste Nesna lærarskole opptak til ein klasse med 1-årig småskolelærarutdanning og ein klasse 3-årig lærarutdanning, med oppstart same høst. I løpet av sommaren var dei nødvendige lærarane på plass. Hjellvik sjølv fekk først halv permisjon frå prestestillinga og etter kvart fekk han fullt arbeid som rektor og lærar. Det særskilde ved det arbeidet som vart gjort våren 1918 var den massive støtta både lokalt og frå heile landsdelen, i tillegg til at det tok knapt eit halvt år frå ide til oppstart av undervisning. Det seier noko om ein mann med visjonar, stor handlekraft og evne til forhandling. Elevtallet auka jevnt dei første åra, og det vart heilt naudsynt å få reist eigne bygg til den nye lærerskola. I dette arbeidet var Ivar Hjellvik den drivande krafta. I 1921 sto anlegga ferdig, med eit hovedbygg, eige bygg for gymnastikk og sløyd, og eit internat for kvinnelege studentar. Desse bygningane + eit uthus vart plassert rundt ein indre gård med dam, springvann og beplanting. Skola hadde fått eit av dei vakraste og mest praktiske lærarskolebygg i landet, med 8 klasserom + spesialrom. I tillegg fekk rektor eigen stor bolig, den såkalla rektorgården, som tidlgare hadde vore hovedbygningen på Sørvollen gård. Det samla tomtearealet var så stort at det heilt opp til vår tid har vore god plass til tilbygg i fleire omganger og eit husvære til tilsette. Etter at lærarskola hadde fått romslege og tidsmessige lokalar, og det og kunne visast til god søking og gode eksamensresultat, vart lærarskolen statleg frå 1921. Dermed var skolen på ein helt annen måte enn tidligere økonomisk sikra. Ved Nesna lærerskole ble det ved opptaksprøve tatt opp til 4-årig lærerutdanning bygget på fullført folkeskole/grunnskole i perioden 1930-1977. Parallelt ble det fra 1938 tatt opp til 2-årig, senere 3-årig lærerutdanning bygget på eksamen artium. Opptaket av disse elevene ble foretatt av det sentrale opptakskontoret i departementet. I denne perioden var det store svingninger i elevtallet. Søkningen til de 4-årige klassene var hele tiden god, men antall elever som skulle tas opp ble hvert år bestemt av departementet i forhold til antatt behov for lærere. Elevtallet gikk raskt opp de første årene etter at skolen var etablert, men var lavere gjennom 1930-årene og under krigen, for deretter å gå raskt opp. Det første studietilbudet ved høgskolen i tillegg til grunnutdanningen for allmennlærere var årskurset i musikk, med opptak første gang 1970.