Fond til helseføremål i Stordal er ei omdanning av tidlegare Stordalens tuberkulosefond, som vart stifta den 13.02.1919 av ein stordaling som ikkje ynskte namnet sitt offentleggjort. Omdanninga vart vedtekne av det dåverande styret i møte den 06.05.1986. Grunnkapitalen var på kr. 10.000,- , og det nye fondet har overteke ein sluttkapital på kr. 55.224,87. I starten skulle fondets renter medverke til behandling og pleie av «ubemidlede» pasientar som hadde tuberkulose eller liknande sjukdommar. Etter oppmoding frå kommunestyret vart den snevre føremålsparagrafen endra slik at frå no av skulle rentene av fondet kunne nyttast til allmenne helseføremål innan Stordal kommune. (kjelde: Møteboka 1919 - 2008 i IKAM/K-15260.151.09/A/Aa/L0001)