Legatet vart skipa i 1927 i samsvar med ing. Peter M. P. Stavdal sitt testament frå 1924. Midlane skulle nyttast til drift av ein gamleheim i Stordal, og i særskilde høve til pengestønad for gåverik ungdom eller andre til opplæring. Inntil kr. 1000,- skulle brukast til ei lysekrone i Stordal nye kyrkje. (kjelde: Møteboka 1927 - 2008 i IKAM/K-15260.151.11/A/Aa/L0001)