NKS vart starta i 1896 med Fredrikke Marie Qvam som leiar. Årsaka til opprettinga var den spente situasjonen rundt unionen med Sverige. Planen hennar var å samle norske kvinner til ein stor organisasjon med hovudoppgåve å hjelpe Hærens sanitet i krig, og i fredstid å bidra under store ulykker eller katastrofar. Framover sto kampen mot tuberkulosen sentralt, utdanning av sjukepeliarar, opplysningsarbeid, revmatismesaka, kreftsaka, tiltak for barn og eldre osb. Oppgåvene skifta etter kvart som tidene og behova skifta. Men beredskapstanken har alltid stått sentralt i organisasjonen. NKS bidro under og etter store brannar i Namsos og Levanger i 1897. I 1904 då Ålesund brann. Storbrannen i Bergen i 1916. Titranulykka i 1899 (orkan der 150 fiskarar miste livet). Tafjordulykka i 1934 og Loenulykka i 1936 (ras). I forbindelse med første verdenskrig skaffa foreningane beredskapsmateriell. Etter krigen tok ulike foreningar imot barn frå krigsherja Tyskland. Landet vart i utgangspunktet delt inni 6 kretsar/hovedforeningar: Kristiania, Kristiansand, Bergen, Trondhjem, Bodø og Tromsø. 26. november 1943 vart Møre og Romsdal Krets av Norske Kvinners Sanitetsforening skilde ut frå det som dengongen heitte Sør-Trøndelag og Møre Krets av NKS og frå Bergen Krets (der Austefjord sanitetslag, Bjørkedal sanitetslag, Hjartåbygda sanietslag, Kilsfjord sanitetslag, Mork helselag, Vikebygda sanitetslag, Volda sanitetslag og Ørsta sanitetslag høyrde til). Ved frådelinga hadde Møre og Romsdal krets 47 foreningar med 13 143 medlemmar. Kjelde: 50 år - Møre og Romsdal krets av NKS 1943 - 1993. Ingrid Fugelsnes, 1993.