Virksomhet-ikon
Sti:
KRAM/A-0008
1922 - 1973

Koret vart skipa på møte i Festiviteten 20. mars 1922. Med i fyrste styret var: Knud Hauge, målar Karlsen og Hedenstad. Lærar Skree dirigerte dei første månadane, til organist Håkon Jordal overtok.Fyrste kjende kosnert var i april 1923. I 1925 var det stor songarfest med konsertar i odda og Tyssedal, og året etter deltok koret på landssongarstemne i Bergen, men berre for å lytte og læra. Eiga fane fekk dei i 1926. Tyssedal Mannskor sto i spissen for å skipa Hordaland Mannssangerforbund, som vart stifta på Voss 25. mars 1927. Saman med kora i Odda skipåa dei det store songarstemnet i Odda/Tyssedal i 1929. I 1930 leigde dei "Hardangerfjord" og reiste til Trondheim. Osloavisa Morgenposten hadde gode omtalar av kora frå indre Hardanger i 1935.Koret låg lavt i krigsåra, men skipa til ein stor Grieg-konsert i 1943, med fulle hus, i Odda, Tyssedal og på Lofthus. Kåre Moe var lenge dirigenten deira, han gjekk av i 195, og vart erstatta av Bjarne Erdal. Frå 1962, 40-årsjubileet, var Bjarne Sivertsen dirigent. Mannskoret heldt ein flott konsert i samband med jubileet.9. oktober 1973 vart den fyrste musikkandakten heldt i Odda, initiativtakar var organist Trygve Danielsen. Tyssedal Mannskor, Tyssedal Damekor og medlemmar av Odda Musikklag deltok

Arkivinstitusjoner: