Andreas Seierstad (1890-1975) var ein norsk teolog og kyrkjehistorikar. Dosent ved Det teologiske Menighetsfakultet frå 1924. Professor i kyrkjehistorie same stad frå 1945 til 1960. Dekan frå 1946 til 1954. Medlem av Den midlertidige kirkeledelse frå 1943 til 1945. Andreas Seierstads arkiv inneheld kyrkjehistoriske arkivalia konsentrert om det friviljuge lekmannsarbeidet frå tida omkring 1920 til om lag 1965. Det er og arkivalia frå Den Midlertidige Kirkeledelse, og mykje som gjeld MF si historie forutan brevsamling, førelesningsmanus og avhandlingsmateriale frå Seierstad si hand. Bugge Amundsen ordna denne samlinga og skreiv registrant. (Brynjar Haraldsø)