Arkivet inneheld korrespondanse, reglement, medlemsbok og andre uordna arkivsaker
1 arkivboks med korrespondanse, årsmeldingar, noko rekneskap, og protokollar med dei handskrevne avisene "Fram" og "Triangelen!".I tillegg 1 protokoll med innlimte avisklypp
Møtebøker, korrespondanse og rekneskap. Arkivet framstår som noko ufullstendig til ein såpass stor organisasjon. Det er lite historikk om organisasjonen, men det vart skreve ein 40-årsberetning i 1973. Den er tilgjengeleg i Kraftmuseets sitt bibliotek
Arkivet inneheld 2 møtebøker og noko korrespondanse, alt samla i 1 arkivboks. Det er ikkje funne materiale etter 1926, og ein reknar resten av arkivet som tapt
Arkivet omfatter ca 3 hyllemeter materiale i 20 protokoller og arkivbokser. Arkivet er godt bevart og fra hele foreningens historie, med lite lakuner. Arbeidslederforeningens fane, samt en god del foto er gitt til NVIM og er gjort tilgjengelig via Digitalt Museum
Samorgarkivet er frå heile perioden frå 1914, men det er lite materiale frå 1930-40-talet. Møteprotokollen frå 1914-21 er antakeleg tapt.
1 arkivboks korrespondanse, nesten eit fragment
Arkivet til den største fagforeininga ved Boliden. Komplett serie møtebøker, litt korrespondanse, nesten komplett rekneskapsserie. Minnebøker om arbeidskonfliktene i 1929 og 1976 (Zinken-streiken). Interessante vedlegg til rekneskapet med økonomiske bidrag under konflikta i 1929. Litt materiale om medlemene. Lagsbladet Proletaren og Norzinkarbeideren. Det er i tillegg mykje uregisterert materiale som er deponert, men ikkje ordna
Godt bevart arkiv, men det manglar nokre møtebøker, den eldste korrespondansen og saksarkivet. Det er mykje stoff om medlemmane. Arkivet inneheld lover, ritual for drifta, og i tillegg nokre sangbøker o.l.
Eit lite og mangelfullt arkiv. Det inneheld 3 møtebøker, kvartalsmeldingar og ein sokalla marsjalrapport. Det ser ut til at t.d. all korrespondanse er tapt. Heile arkivet får plass i 1 arkivboks
Forholdsvis komplett, men manglar korrespondanse og saksdokument. Losjen var i drift om lag 8 -9 år, eit ganske lite arkiv på 2 arkivboksar
Arkivet er eitt av dei losjearkiva med mest innhald i Kraftmuseet si portefølje. Det inneheld mange møtebøker, litt korrespondanse, saksdokument og nokre rekneskapsprotokollar
Arkivet inneheld den fyrste møteboka, ein del korrespondanse, sakspapir og noko rekneskapsmateriale
Fragment av industriarkiv, berre 2 kopibøker bevart
Industriarkiv frå distrikts-Noreg. Arkivet omfatter drøyt 27 hyllemeter
Konsulentfirma i Oslo for tekstil og garnprodukt. Var konsulent og delvis også direktør for firmaet Hovland Ullvarefabrikk AS (jf arkiv A-0111). Hoveddelen av arkivet er fra ca 1953-1986
Dokumentarkiv og ei stor samling garn- og fargeprøver. Totalt nesten 10 hyllemeter, ca 4 av desse er dokumentarkiv
Arkivfragment - bilag samla i ein arkivboks. Bilaga er 4 kvitteringsbøker for lønn, og bilag for utgifter Olav Kolltveit hadde som redaktør i avisa året 1970
Arkivet er fragmentarisk, omfattar ein arkivboks og inneheld notar til viser, avisklipp om artisten og revysangaren Petter Tjelle, personelge dokument/brev, og diverse tekstar til viser. Det inneheld og ein innspelt kassett frå NRK.
Arkivet etter Odda smelteverk AS omfatter hele perioden fra 1924 til konkursen i 2003. Inneholder også noe materiale fra 1906 -24, Oddafabrikkene som var forløperne til smelteverket, samt tida etter konkursen i 2003 og opp til ca 2006. Ca 70% av materialet er kun grovordnet, men er søkbart via lister lagt inn i ASTA under de enkelte seriene. Se ellers vedlagte historikk og liste over forkortelser brukt i arkivskjemaene for å lette tilgangen til arkivet. Smelteverksarkivet inneholder også ca 40 hyllemeter tegninger i tegningsreoler. En mindre del av disse er digitalisert av Kraftmuseet. Arkivarbeidet ble finansiert av Kulturrådet, Arkivverket, Hordaland fylke, Odda kommune og Kraftmuseet