Årsmeldingar 1965-84. Møtereferat 1962-85. Korrespondanse 1978-85. Rekneskapsbøker 1974-85. Medlemslister 1978-85. Lagssoge 1962-82.
Husmorlaget vart stifta 1. januar 1963, etter førebuande møte og styreval hausten 1962. Laget dreiv veldig aktivt i dei fyrste åra, med heile 84 medlemmar.. Aktivitetar: Opne møte med div program, arbeidsstove for jenter frå 1965-1980, barneparkering for mødre som trengte avlasting for å gå til tannlækjar, lækjar eller andre ærende, studieringar, sy- og vevkurs. Laget resite på tur til England i 1973, og fekk gjenvisitt av engelsk husmorlag i 1975 og 1981. Husmorlaget sleit utan nyrekruttering dei siste åra, og vedtok nedleggjing på årsmøtet 28.01.1987
1 møteprotokoll
Stifta som Odda og Tyssedal kvinneråd 11.04.1946. Det var Odda husmorlag som inviterte 10 kvinneorganisasjonar til møte for å "drøfte samarbeide om forskjellige lokale tiltak til nytte og gagn for Odda og Tyssedal". Arbeidet vart organisert etter mønster frå Kvinnenes samarbeidsnemnd i Oslo. Foreininga sto bak opprettinga av dei første husmorvikarstillingane og , den første barnehagen og organiserte barnevaktordning på kveldstid. Dei arbeide for fellesvaskeri og -systove, men dette kom aldri igang. Arbeidet i foreininga stoppa opp etter styremøte i april 1950. Medlemsorganisasjonane var: Hovdenklubben, Odda arbeiderpartis kvinnelag, Odda husmorlag, Odda arbeiderkvinnelag, Odda blindelag, Odda helselag, Odda røde kors, Odda sjømannsmisjon, Tyssedal husmorlag av Norges husmorforbund, Tyssedal husmorlag, Tyssedal tuberkolose- og sykepleieforening, Tyssedal sjømannsmisjon
Møtebøker, korrespondanse,årsmeldingar og diverse dokument
Laget vart stifta på eit bondelagsmøte på Hildal hausten 1948, med namnet Hildal bondekvinnelag. Namneskifte 18.01.1957, då det kom med folk frå Eide, Mannsåker og andre grender. Arbeidet starta opp i 1949. Laget sleit tungt sist på 70-talet, men fekk inn yngre medlemmar, og aktiviteten auka. Laget eig brurebunad til mann og kvinne, sølvkrona saman med Odda husflidslag og Skare bondekvinnelag. Bunadane er til utleige. Laget har gjeve fleire gåver til Odda kyrkje og Tyssedal kirke. Har dreve studieringar om litteratur, hagebruk, husflid mm. Dreiv og stadnamninnsamling i dei ulike krinsane
Arkivet inneholder materiale fra ca 1938-87. Siste protokoll er bevart i Tyssedal kirke, i tilfelle laget skulle komme igang igjen, innen 3 år etter nedlegging. Så er ikke skjedd. En regner med at materiale fra 1913-1939 er tapt, da dette ble oppbevart i Festiviteten, som ble beslaglagt av tyske styrker. Barnehagekomiteen arbeid sees som en del av dette arkivet, da det var helselaget som startet forsøksvirksomhet med barneparkering i Tyssedal. mesteparten av det eksiterende materialet er fra ca 1950-1987. Hele arkivet er plassert i 5 arkivbokser
Laget stifta i 1913 av interesserte kvinner med fru dr. Kvam i Odda i spissen. Tyssedal fikk fast slumstasjon fra 1926 med slumsøster lønna av Tyssedal helselag. Andre oppgaver var støtte til klær og mat for familier, hjelp til sanatorieopphold, sykepleie og hjelp i hjemmene, feriekoloniopphold, samarbeid om folkebad ved Tyssedal skole, igangsetting av barnepark. Laget vedtatt nedlagt våren 1987.
Møtebøker og protokollar, årsmeldingar og referat frå konsertar og turar. Lagsavisa Atterljom, opptak frå konsertar, trykksaker, plakatar
Stifta som Odda Godtemplarkor 5.september 1932 i losje " Samhald ". Fyrste formann var Nils Stafsnes, og dirigent dei fyrste 4 åra var Gunnar Somdalen. Organist Gustavsen var dirigent i 1936-37, deretter Kaare Moe, også organist. Frå februar 1938 tok Sverre Leivestad opp dirigentpinnen. Namneendring til songkoret Samklang vart vedteke på årsmøtet 17.oktober 1963. Koret sleit med nyrekruttering utover 1990-talet og vart nedlagd ca år 2000, datoen ikkje kjend.
Hovudarkivet for koret er tapt. Arkivet inneheld berre ei mappe i serie I - Minnemappe
Koret vart skipa på møte i Festiviteten 20. mars 1922. Med i fyrste styret var: Knud Hauge, målar Karlsen og Hedenstad. Lærar Skree dirigerte dei første månadane, til organist Håkon Jordal overtok.Fyrste kjende kosnert var i april 1923. I 1925 var det stor songarfest med konsertar i odda og Tyssedal, og året etter deltok koret på landssongarstemne i Bergen, men berre for å lytte og læra. Eiga fane fekk dei i 1926. Tyssedal Mannskor sto i spissen for å skipa Hordaland Mannssangerforbund, som vart stifta på Voss 25. mars 1927. Saman med kora i Odda skipåa dei det store songarstemnet i Odda/Tyssedal i 1929. I 1930 leigde dei "Hardangerfjord" og reiste til Trondheim. Osloavisa Morgenposten hadde gode omtalar av kora frå indre Hardanger i 1935.Koret låg lavt i krigsåra, men skipa til ein stor Grieg-konsert i 1943, med fulle hus, i Odda, Tyssedal og på Lofthus. Kåre Moe var lenge dirigenten deira, han gjekk av i 195, og vart erstatta av Bjarne Erdal. Frå 1962, 40-årsjubileet, var Bjarne Sivertsen dirigent. Mannskoret heldt ein flott konsert i samband med jubileet.9. oktober 1973 vart den fyrste musikkandakten heldt i Odda, initiativtakar var organist Trygve Danielsen. Tyssedal Mannskor, Tyssedal Damekor og medlemmar av Odda Musikklag deltok
Lover, årsmeldingar, korrespondanse, rekneskap, medlemslister, jubileumsbøker, lydband, grammofonplate, foto. Dokumentarkiv før 1940 er diverre tapt. OML har eit stort notearkiv i aktiv bruk, ein del av dette er frå før 1940. Notearkivet har blitt omtala som ei "gullgruve". Ein del foto er registrert og søkbare på Digitalt Museum
Laget vart stifta i 1907 på initiativ frå Odda Ungdomslag og Losje Folgefonn, og 12 instrument vart innkjøpt. Laget øvde i starten på kjøkkenet i Ungdomshallen under sin første dirigent Jeremias Henden. Odda Arbeiderpartis Musikkorps, stifta 1909 gjekk inn i OML i 1912. Arkiv, noter, instrument og rekvisita vart delvis øydelagd under 2.verskrigen, men laget bygde seg godt opp etter 1945, og var initiativtakararar til å stifta skulekorps i Odda for å sikira rekrutteringa. Odda Ungdomskorps, skipa i 1926 etter inititativ frå Kvinneutvalet i Odda Arbeiderparti av NKP, gjekk saman med OML i 1945.
Arkivet inneheld 5 møtebøker; 1 brevjournal, materiale om avtalar og tariffar, 1 revisjonsprotokoll og 1 kassadagbok
Skipa 24. aug.1915. Namneforma Odda Bakerforening (OBF) vart nytta i heile den fyrste protokollen, Odda Baker- og Konditorforeninger nytta frå 1937, årstalet for endringa er ukjend pga lakune. Det vart "praktisk talt ikke avholdt møter under andre verdenskrigen" (sitat 21.09.1945). Odda Kjøttindustriarbeiderforening vart slått saman med OBF 25. april 1981. Foreininga var oppløyst 1.feb. 1983, då dei gjekk inn i Odda Nærings- og Nytelsesmiddelforening. NVIM har bevart fana til foreininga, den har reg.nr.NVIM-04343, og er oppbevart i tekstilmagasin ved Bevaringstenestene i Salhus. Fana er i blå ull, malt, og med tekst i gull: Gjør din Plikt! krev din Rett!
Vedtekter, møteprotokollar, turkomitè, årsberetningar, rekneskap, medlemslister osb.
Inneheld noko materiale frå eit borgarleg valforbund som sympatiserte med Venstrelaget. Ei møtebok 1924-34, program og framlegg til program for veljarlaget, noko korrespondanse. Taloppgåver for kommuneval i Odda, avisutklipp, vallister, mandatfordeling ved kommunevala. Arkivet er totalt på 0,05 hyllemeter bevart i 1 arkivboks
Rapportar og planar for drift av felleskjøkenet i Odda. Felleskjøkenet sto for matutdeling til arbeidstakarar og fangar under og litt etter 2. verdskrigen. Materialet omfattar 1 arkivboks
Bedrftenes fellekjøkken var felleskjøken for AS Tyssefaldene, Odda smelteverk AS og Det norske Zinkkompani. Det vart starta etter modell frå bedrfitskjøkenet ved DNN i Eydehamn ved Arendal. Olav Melkeråen var leiar for verksemda